Byrknes Ocean Resort er under utvikling.
Dette er ei mellombels landingsside for prosjektet.
Den fullstendige nettsida blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Velkommen
Byrknes Ocean Resort er eit nytt hotell- og opplevingsresort under bygging på Byrknes i Gulen kommune.
Med havet som næraste nabo skal vi skape ein unik destinasjon for overnatting, matopplevingar og spa.
Byrknes Ocean Resort opnar dørene 15. september 2027.
Byrknesøy, nord for Bergen
Eit uoppdaga eldorado
- Hurtigbåt frå Bergen to gonger dagleg
- Ein nydeleg båttur på 1,5 time innaskjers, verd turen i seg sjølv
- Om ynskjeleg set vi opp eigen båt frå Flesland eller Bergen
- Om lag 2 timar med bil frå Bergen
- Ca. 80 km nord for Bergen
- Ein fin ferjetur mellom Leirvåg og Sløvåg
Hotellrom
med balkong og
nydelig sjøutsikt
Restaurant og bar
Smakar av kysten
Spa og velvære
Komfort ved havet
Kurs og konferanse
Møte med havet
som bakteppe
Opplevingar ved havet
Meir enn eit hotell
Opphald med komfort og utsikt
illustrasjon – ikkje endeleg
Byrknes Ocean Resort tilbyr 77 rom og suitar utforma for ro, komfort og nærleik til havet. Interiøret byggjer på varme materialar, naturlege fargetonar og moderne detaljar som skapar ei avslappa og innbydande atmosfære. Gjennom store vindauge vert havet ein naturleg del av opplevinga, og gjestene får visuell kontakt med landskapet frå morgon til kveld.
Her handlar opphaldet om moderne komfort, nærleik til naturen og gjennomførte detaljar. Romma er skapte for å gje ro i kroppen, samstundes som gjestene kjenner nærværet av havet, vêret og lyset som skiftar utanfor vindauga.
77 doble hotellrom, inkludert
- Ei flott suite i overkant av 60 kvm.
- 7 juniorsuitar med store bad og badekar
- 59 superiorrom, alle med balkong
- Om lag halvparten twin-rom
- 8 lekre, HC-tilpassa rom, fleire med connecting/dør mellom romma
- 2 familievennlege Deluxe-rom med sovesofa
illustrasjon – ikkje endeleg
Smakar av kysten
illustrasjon – ikkje endeleg
Råvarer vert henta så nært kjelda som mogleg, direkte frå fiskarar, bønder og lokale produsentar. Menyane følgjer sesongane og tek utgangspunkt i det naturen og havet til kvar tid har å by på. Gjennom foredlingsteknikkar som fermentering, speking og sylting vert smakane tekne vare på og vidareutvikla gjennom året.
Målet er å skape ei matoppleving der kvaliteten på råvarene, rause porsjonar og presist handverk står i fokus. Kjøkenet skal vere elegant i uttrykket, men jordnært i tilnærminga – med respekt for råvara og den vestlandske matkulturen.
Restauranten
Atmosfæren skal vere varm, avslappa og inkluderande. Gjestene skal kunne nyte alt frå lange middagsselskap og smaksmenyar til enkle måltid med utsikt over havet. Bordplassering, lyssetting og interiør er utforma for å skape ro og gode samtalar rundt bordet.
Bar og sosiale møteplassar
Utandørs servering
Store matopplevingar i samarbeid med stjernekokk
- Matfagleg ansvarleg Christopher Haatuft
- Sjømat i verdsklasse
- Ei reise i baskisk matfilosofi med fisk og skaldyr i sentrum, og teknikkar som eld og grill
- Enkel, ærleg og elegant presentasjon av maten
- Lokale leverandørar som leverer mellom anna:
- Sider og eplemost
- Kjøt og ost
- Honning
- Villsau
- Bær, frukt og syltetøy
- Alt frå havet
Christopher Haatuft
Spa og velvære ved havet
illustrasjon – ikkje endeleg
Her kan gjestene trekkje seg tilbake frå kvardagen og finne balansen mellom aktivitet og kvile i omgjevnader prega av varme materialar, naturlege fargar og nærleik til sjøen.
Velværeavdeling og spa
Fri tilgang for alle hotellgjester
- Lett tilgang til sjøbad i havet
- Badstove med utsikt mot holmar og hav
- Dampbad
- Oppvarma badebasseng i eit behageleg velværemiljø
- 2 behandlingsrom
- Tilbod om eigenbehandling
- Treningsrom
- Badekåper, tøflar og store handkle
- Velværesenger ved bassenget for ro og restitusjon
illustrasjon – ikkje endeleg
Ro med havet som bakteppe
Konseptet byggjer på kjensla av å vere tett på naturen, samstundes som gjestene har tilgang til moderne komfort og gjennomførte fasilitetar.
Ein del av opphaldet
Spaet er tenkt som ein integrert del av resortopplevinga, der gode måltid, komfortable rom og velvære går hand i hand. Enten du kjem for ei avslappande helg, eit lengre opphald eller eit møte ved havet, skal spa- og velværeavdelinga bidra til ei oppleving prega av ro, kvalitet og velvære.
Stillheit. Restitusjon. Velvære.
Kurs, konferanse og selskap
illustrasjon – ikkje endeleg
- Moderne kurslokale med topp AV-utstyr
- 200 kvm konferanserom som kan delast i to rom
- 200 personar i kinooppsett
- 130 personar i skuleoppsett
- 120 personar i selskapsoppsett med runde bord
- 2 møte- og grupperom
- Varme lokale som kan nyttast til ulike selskap og bankettar
- Spanande kurs- og overnattingspakkar med aktivitetar
Opplevingar ved havet
Fotograf Morten Sæle
Byrknes Ocean Resort ligg midt i eit av dei mest særprega kystlandskapa på Vestlandet. Med over 1 000 øyar, holmar og skjer i nærområdet og innseglinga til Sognefjorden like i nærleiken, ligg alt til rette for aktive og minneverdige opplevingar året rundt.
Her er havet, naturen og vêret ein naturleg del av opphaldet. Nokre kjem for å oppleve kysten frå sjøsida, andre for å utforske landskapet til fots eller berre nyte stillheita og utsikta.
Eit hav av aktivitetar og historie
Om du kjem åleine, med vener eller som ei gruppe, tilbyr og organiserer me skreddarsydde aktivitetar året rundt:
- Over 1000 holmar og skjer
- Kajakkpadling for nybyrjarar og vidarekomne
- Dykking
- SUP
- RIB-turar
- Båtturar ved inngangen til Sognefjorden
- Havfiske med lokale fiskarar
- Fuglekikking – sjå havørn
- Stormwatching og wild sheep safari
- Gåturar i lokalmiljøet eller på fjellet
- Gulatinget, Tusenårsstaden
- Veteranbåtturar i nærleiken
- Meir å oppleve året rundt
Fotograf Morten Sæle
Eit naturleg utgangspunkt
Byrknes Ocean Resort er utvikla som både reisemål og utgangspunkt for opplevingar. For somme er resortet sjølve målet, medan andre nyttar det som base for å utforske havet, øyane og naturen rundt.
Store delar av opplevinga handlar om nærleiken til naturen. Frå hotellet er det kort veg til sjøen, turstiar, båtliv og aktivitetar som gir gjestene høve til å kome tett på landskapet som har forma kysten gjennom generasjonar.
Opphald med komfort og utsikt
Byrknes Ocean Resort tilbyr 77 rom og suitar utforma for ro, komfort og nærleik til havet. Interiøret byggjer på varme materialar, naturlege fargetonar og moderne detaljar som skapar ei avslappa og innbydande atmosfære. Gjennom store vindauge vert havet ein naturleg del av opplevinga, og gjestene får visuell kontakt med landskapet frå morgon til kveld.
Her handlar opphaldet om moderne komfort, nærleik til naturen og gjennomførte detaljar. Romma er skapte for å gje ro i kroppen, samstundes som gjestene kjenner nærværet av havet, vêret og lyset som skiftar utanfor vindauga.
illustrasjon – ikkje endeleg
77 doble hotellrom, inkludert
- Ei flott suite i overkant av 60 kvm.
- 7 juniorsuitar med store bad og badekar
- 59 superiorrom, alle med balkong
- Om lag halvparten twin-rom
- 8 lekre, HC-tilpassa rom, fleire med connecting/dør mellom romma
- 2 familievennlege Deluxe-rom med sovesofa
illustrasjon – ikkje endeleg
Smakar av kysten
Byrknes Ocean Resort utviklar eit matkonsept der havet, årstidene og lokale råvarer står i sentrum. Med tilgang til sjømat i verdsklasse og sterke tradisjonar frå fiskarbondesamfunnet på Byrknes, skal matopplevinga vere ei naturleg forlenging av landskapet utanfor vindauga.
Råvarer vert henta så nært kjelda som mogleg, direkte frå fiskarar, bønder og lokale produsentar. Menyane følgjer sesongane og tek utgangspunkt i det naturen og havet til kvar tid har å by på. Gjennom foredlingsteknikkar som fermentering, speking og sylting vert smakane tekne vare på og vidareutvikla gjennom året.
Målet er å skape ei matoppleving der kvaliteten på råvarene, rause porsjonar og presist handverk står i fokus. Kjøkenet skal vere elegant i uttrykket, men jordnært i tilnærminga – med respekt for råvara og den vestlandske matkulturen.
illustrasjon – ikkje endeleg
Store matopplevingar i samarbeid med stjernekokk
- Matfagleg ansvarleg Christopher Haatuft
- Sjømat i verdsklasse
- Ei reise i baskisk matfilosofi med fisk og skaldyr i sentrum, og teknikkar som eld og grill
- Enkel, ærleg og elegant presentasjon av maten
- Lokale leverandørar som leverer mellom anna:
- Sider og eplemost
- Kjøt og ost
- Honning
- Villsau
- Bær, frukt og syltetøy
- Alt frå havet
Christopher Haatuft
Spa og velvære ved havet
Her kan gjestene trekkje seg tilbake frå kvardagen og finne balansen mellom aktivitet og kvile i omgjevnader prega av varme materialar, naturlege fargar og nærleik til sjøen.
illustrasjon – ikkje endeleg
Velværeavdeling og spa
Fri tilgang for alle hotellgjester
- Lett tilgang til sjøbad i havet
- Badstove med utsikt mot holmar og hav
- Dampbad
- Oppvarma badebasseng i eit behageleg velværemiljø
- 2 behandlingsrom
- Tilbod om eigenbehandling
- Treningsrom
- Badekåper, tøflar og store handkle
- Velværesenger ved bassenget for ro og restitusjon
illustrasjon – ikkje endeleg
Kurs, konferanse og selskap
- Moderne kurslokale med topp AV-utstyr
- 200 kvm konferanserom som kan delast i to rom
- 200 personar i kinooppsett
- 130 personar i skuleoppsett
- 120 personar i selskapsoppsett med runde bord
- 2 møte- og grupperom
- Varme lokale som kan nyttast til ulike selskap og bankettar
- Spanande kurs- og overnattingspakkar med aktivitetar
illustrasjon – ikkje endeleg
Opplevingar ved havet
Byrknes Ocean Resort ligg midt i eit av dei mest særprega kystlandskapa på Vestlandet. Med over 1 000 øyar, holmar og skjer i nærområdet og innseglinga til Sognefjorden like i nærleiken, ligg alt til rette for aktive og minneverdige opplevingar året rundt.
Her er havet, naturen og vêret ein naturleg del av opphaldet. Nokre kjem for å oppleve kysten frå sjøsida, andre for å utforske landskapet til fots eller berre nyte stillheita og utsikta.
Fotograf Morten Sæle
Eit hav av aktivitetar og historie
Om du kjem åleine, med vener eller som ei gruppe, tilbyr og organiserer me skreddarsydde aktivitetar året rundt:
- Over 1000 holmar og skjer
- Kajakkpadling for nybyrjarar og vidarekomne
- Dykking
- SUP
- RIB-turar
- Båtturar ved inngangen til Sognefjorden
- Havfiske med lokale fiskarar
- Fuglekikking – sjå havørn
- Stormwatching og wild sheep safari
- Gåturar i lokalmiljøet eller på fjellet
- Gulatinget, Tusenårsstaden
- Veteranbåtturar i nærleiken
- Meir å oppleve året rundt
Fotograf Morten Sæle
Følg framgangen
På denne sida kan du følgje reisa frå dei første førebuingane og byggjestega til dei ferdige fasilitetane står klare til å ta imot gjestar. Gjennom heile utviklingsperioden vil vi dele oppdateringar om framdrift, viktige milepålar, bilete frå byggeplassen og innblikk i vala som blir tekne undervegs.
Målet er å skape meir enn eit hotell. Byrknes Ocean Resort skal bli ein destinasjon som samlar menneske til opplevingar, rekreasjon, møteverksemd og gode stunder ved havet. Kvar detalj blir utvikla med tanke på kvalitet, komfort og respekt for dei unike omgjevnadene som omkransar prosjektet
Byggjestart Byrknes Ocean Resort, måndag 4. mai 2026
Etter mange års planlegging er byggjearbeidet endeleg i gang på…
ipsum
ipsum
ipsum
Akkurat nå
ipsum
ipsum
Kom i kontakt
Lurer du på noko, eller ønskjer du å bestille rom eller arrangement?
Ta gjerne kontakt via kontaktinformasjonen nedanfor eller send oss ei melding gjennom skjemaet.
E-post: booking@byrknesresort.no
Telefon: +47 934 63 622
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Stein Inge Larsen
Eier
E-post: stein@byrknes.no
Telefon: +47 992 05 940
Alexander Grieg
Direktør
E-post: alexander@byrknes.no
Telefon: +47 934 63 622

